Sal av køyretøy etter dødsfall
For å overføre eigarskap av eit køyretøy etter eit dødsfall må du sende inn nødvendig dokumentasjon. I ein del tilfelle må du også sende ei salsmelding.
Dokumentasjon, avgift og forsikring
Dokumentasjonen du skal leggje ved og korleis du skal gå fram for å registrere eigarskiftet kjem an på om det er eit privat skifte, offentleg skifte eller uskifte. Du kan lese om dei ulike skifteformene på norge.no.
Vanlegvis må du betale omregistreringsavgift når det blir gjennomført eit eigarskifte. Les meir om fritak for omregistreringsavgift hos Skatteetaten.
Hugs å kontakte forsikringsselskapet ditt for å flytte forsikringa av køyretøyet over på deg. Tilhengjarar og campingvogner har ikkje krav om ansvarsforsikring.
Privat skifte
Berre éin arving
Ved privat skifte med berre éin arving, kan arvingen sende inn salsmelding digitalt og leggje ved skifteattest frå tingretten eller byfuten. Du vel «Eigarskifte i samband med dødsfall, konkurs eller liknande», og fyller inn tidlegare eigar som «seljar» og ny eigar som «kjøpar» i salsmeldinga. Skal nokon andre sende inn salsmelding og skifteattest digitalt på vegner av arvingen, må dei leggje ved fullmakt og kopi av legitimasjonen til arvingen.
Alternativt kan arvingen fylle ut salsmelding på papir (PDF). Salsmeldinga på papir kan leverast på ein trafikkstasjon, der arvingen også viser skifteattest og gyldig legitimasjon. Skal nokon andre levere salsmelding og skifteattest på vegner av arvingen, må dei ha fullmakt, kopi av arvingen sin legitimasjon, og dei må vise eigen legitimasjon.
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Fleire arvingar
Ved privat skifte med fleire arvingar kan ein av arvingane sende inn salsmelding digitalt og leggje ved
- skifteattest
- kopi av legitimasjon frå dei andre arvingane
- fullmakt frå dei andre arvingane
Du vel «Eigarskifte i samband med dødsfall, konkurs eller liknande», og fyller inn tidlegare eigar som «seljar» og ny eigar som «kjøpar» i salsmeldinga.
Alternativt kan arvingane fylle ut salsmelding på papir (PDF), som må leverast saman med kopi av skifteattesten på ein trafikkstasjon. Alle arvingane må signere salsmeldinga og vise legitimasjon. Ein eller fleire arvingar kan også gi fullmakt til å la nokon andre signere på deira vegner. Då må den som får fullmakt hugse å ta med både fullmakta og kopi av legitimasjon frå den som har gitt fullmakta. Hugs å ta med eigen gyldig legitimasjon til trafikkstasjon.
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Offentleg skifte
Ved offentleg skifte skal ei salsmelding signerast av tingretten, byfuten eller bustyraren. Som bustyrar vel du «Eigarskifte i samband med dødsfall, konkurs eller liknande». Du skal laste opp dokumentasjon som viser oppnemninga av bustyraren.
Alternativt kan du som bustyrar bruke salsmelding på papir (PDF). Salsmeldinga skal leverast saman med dokumentasjon som viser oppnemning av bustyrar på ein trafikkstasjon. Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon, hugs å ta med gyldig legitimasjon.
Uskifte
Ved uskifte kan køyretøyet overførast til gjenlevande ektefelle eller sambuar. For å overføre eigarskap av køyretøyet treng vi kopi av uskifteattesten. Hugs å melde forsikring på ny eigar.
Levere digitalt
Ønskjer du å sende uskifteattesten digitalt, vel du «Eigarskifte i samband med dødsfall, konkurs eller liknande», og fyller inn tidlegare eigar som «seljar» og gjenlevande ektefelle/sambuar som «kjøpar» i salsmeldinga. Du lastar opp uskifteattesten som dokumentasjon. Dette kan også andre gjere på vegner av gjenlevande ektefelle/sambuar.
Levere per post eller på trafikkstasjon
Hugs å oppgi kva for køyretøy som skal overførast til deg. Vi anbefaler at du fyller ut salsmelding (PDF) slik at vi får opplysningar om køyretøyet. Du kan sende kopi av uskifteattest og opplysningar om køyretøyet per post eller bestille time på ein trafikkstasjon og levere der.
Fullmakt
Generelt fullmaktsskjema ved privat skifte finn du på nettsida Skjema for arv og skifte (Norges domstoler). Dette skjemaet kan brukast av deg som gir fullmakt til nokon som skal ordne alt i samband med buhandteringa.
Skrive fullmakt sjølv
Dersom fullmakta berre skal gjelde ei konkret handling, til dømes å signere ei salsmelding for eitt eller fleire køyretøy tilhøyrande dødsbuet, kan arvingen lage ei eiga fullmakt. Fullmakta må innehalde:
- Namn på avdøde
- Namn på den som gir fullmakt
- Namn på den som får fullmakt
- Tydeleg forklaring av kva fullmakta gjeld (Døme: «Eg … har overtatt buet etter avdøde til privat skifte, og gir med dette fullmakt til å ordne eigarskifte av køyretøy tilhøyrande dødsbuet – irekna å underteikne på eigarskiftemelding på vegner av buet – og på vegner av meg sjølv.)
- Stad og dato
- Underskrift frå den som gir fullmakt
Du må også ha kopi av legitimasjon frå den som gir fullmakt.