Forskrifta pålegg fagleg samarbeid om dei nasjonale tenestene på vegdata- og trafikkinformasjonsområdet.

Forskrifta trer i kraft 1. april

Forskrift om vegdata, trafikkinformasjon, trafikkberedskap og trafikkstyring m.m. for offentlig veg (vegdata- og trafikkinformasjonsforskriften) blei fastsett av Samferdselsdepartementet 28. februar 2025. Forskrifta trer i kraft 1. april 2025. Frå same dato blir vegdataforskrifta, FOR-2010-12-03-1525, oppheva.

Vegdata- og trafikkinformasjonsforskrifta er langt meir omfattande enn den gamle vegdataforskrifta og har reglar som gjeld kommunar, fylkeskommunar, Nye Veier AS, Statens vegvesen og Vegdirektoratet. Statens vegvesen sitt ansvar for dei ulike nasjonale tenestene på vegdata- og trafikkinformasjonsområdet blir forskriftsfesta. Det same gjeld plikta vegstyresmaktene og Nye Veier AS har til å samle inn og formidle data til desse tenestene. Kommunane får litt lengre tid på seg til å samle inn og formidle enkelte viktige datatypar fordi føresegnene om desse fyrst trer i kraft for dei 1. oktober. Dette gjeld:

  • data som er naudsynt for å oppdatere veglister etter forskrift om bruk av køyretøy
  • data om og dokumentasjon for tilstand og bereevneklassifisering for bru og vegundergang
  • data om tunnelar, inkludert lokalisering, lengd, stigningsforhold, eigenskapar og restriksjonar.

Forskrifta pålegg fagleg samarbeid om dei nasjonale tenestene mellom Statens vegvesen, fylkeskommunane, kommunane og Nye Veier AS. Det er Statens vegvesen i rolla som nasjonalt fagorgan som har ansvaret for tenestene og som skal organisere og lede dette samarbeidet. Vegstyresmaktene (inkludert Statens vegvesen i rolla som styresmakt for riksvegnettet) og Nye Veier AS pliktar å delta eller vere representerte i samarbeidet.

Kvifor ny forskrift?

Gode data er viktige for sikker, effektiv, føreseieleg og berekraftig vegtransport.

Data som beskriv vegnettet, vegtilstanden og trafikkforholda er avgjerande for å oppnå eit trygt og effektivt vegtransportsystem. Både reisande og næringsdrivande stoler på gode data om veg og trafikkforhold når dei planlegg reise og transport. Den som reiser eller transporterer gods skal oppleve at vegnettet heng saman og gir lik informasjon, uavhengig om dei køyrer på ein europaveg, riksveg, fylkesveg eller kommunal veg.

Vegforvaltarar på alle nivå treng data om vegnettet, vegtilstanden og trafikkforholda i si verksemd til planlegging, bygging, drift, vedlikehald og regulering av trafikken. Eit godt datagrunnlag er særleg viktig for samfunnssikkerheit og beredskap. Kort sagt er vi alle avhengige av å vite nøyaktig kvar vegane går, kva slags veg det er, om vegen er stengd og eventuelle omkøyringsruter, kva som finnes på og rundt dei, kva tilstand dei har og korleis trafikken er. 

Denne korte filmen om vegdata- og trafikkinformasjonsforskrifta og Nasjonal vegdatabank illustrerer nytta av korrekte og oppdaterte data for heile vegnettet. 

Det store bildet

Ein informasjonsfilm om Nasjonal vegdatabank og ny vegdataforskrift. Video: Red Ant.

Særleg desse forholda gjorde at vi trengte ei ny forskrift om vegdata og trafikkinformasjon:

  • Regionreforma og avviklinga av sams vegadministrasjon skapte behov for betre forskriftsregulering av vegstyresmaktene og Nye veier AS sine oppgåver og ansvar for å levere data til nasjonale tenester og system.
  • Digitalisering og ny teknologi innan transportsektoren gir nye typar og auka mengder data. Analysar av desse kan gi grunnlag for nye og betre tenester til trafikantane og for rett prioritering av vedlikehaldstiltak.
  • Regelverket skulle vere meir teknologinøytralt for å ikkje hindre bruken av ønska, ny teknologi.
  • Det var behov for reglar som bidrar til god ivaretaking av digital sikkerheit og personvern.

Forskrifta regulerer ansvar og oppgåver innan innhenting, kvalitetssikring, formidling, lagring og tilgjengeleggjering av vegdata og vegtrafikkdata. Det same gjeld ansvar for og oppgåver innan trafikkstyring og trafikkberedskap. Reglar om fagleg samarbeid skal sikre at alle vegmyndigheitene og Nye Veier AS har innflytelse på og engasjerer seg i arbeidet med å utarbeide handbøker og krav. 

Betre datakvalitet i nasjonale system

Data om veg- og trafikkforhold i Noreg er grunnlaget for ei rekke system og tenester for trafikkinformasjon.

Ruteforslaget på GPS-en bygger på riktige og oppdaterte veg- og trafikkdata. Veg- og trafikkdatagrunnlaget i Noreg kjem frå ei rekke kjelder. Alle vegforvaltarane – kommunar, fylkeskommunar, Nye Veier AS og Statens vegvesen – har plikt til å rapportere inn data til databasane og tenestene til Statens vegvesen. Kartverket rapporterer inn data om dei kommunale vegane for kommunane.

Dataflyt og tenester

Det er reglar om fleire av dei nasjonale systema i forskrift om vegdata, trafikkinformasjon, trafikkstyring og trafikkberedskap med meir for offentleg veg som trer i kraft 1. april 2025.

Diagram som viser dataflyt og tjenester.
Dataflyt og tenester innan vegdata og trafikkinformasjon.

Eit utval av systema

Nasjonal vegdatabank samlar og formidlar statiske data om vegnettet i Noreg. Her ligg informasjon om vegens tilstand, type, vegobjekt som lyktestolpar og fleire hundre andre fagdata som beskriv vegnettet. Dynamiske trafikkdata, eksempelvis om trafikkvolum, reisetider, køyreforhold og hendingar, blir rapportert inn automatisk eller via vegtrafikksentralane til Datex-noden som drives av Statens vegvesen. Eit stort tal tenesteleverandørar, både norske og internasjonale, hentar data derifrå til sine sluttbrukartenester.

Det nasjonale systemet for trafikkdata samlar data om trafikken frå heile riks- og fylkesvegnettet, og frå utvalde kommunale vegar. Trafikkdata blir i all hovudsak samla inn frå trafikkregistreringspunkt langs vegnettet. Trafikkdata blir blant anna gjort tilgjengelege gjennom trafikkdataportalen.

Reisetidssystemet består av system for automatisk innhenting, berekning og publisering av reisetid på strekningar. I dag blir data henta ved å lese av Autopass-brikker utan å registrere kundedata. Desse dataa blir for eksempel brukt i digitale skilt som varslar antatt reisetid. I tillegg blir reisetidsdata gjort tilgjengelege blant anna på den kartbaserte trafikkinformasjonstenesta og gjennom Statens vegvesen si Datex-teneste.

Via den nasjonale Datex-tenesta tilbyr Statens vegvesen blant anna sanntids vêrdata, reisetider, kamerabilete og trafikkmeldingar. DATEX II er ein europeisk standard for utveksling av trafikkinformasjon mellom ulike aktørar. Tenesta er tilgjengeleg for media, private tenestetilbydarar av trafikkinformasjon og andre aktørar som er interesserte i å bruke data frå Statens vegvesen i eigne tenester. I vegdata- og trafikkinformasjonsforskrifta blir det teknologinøytrale omgrepet «publiseringsteneste for dynamiske data» brukt om tenesta.

Vegtrafikksentralane (VTS) skal overvake vegnettet, gi trafikkinformasjon til publikum og handtere ikkje-planlagde hendingar på vegane som påverkar trafikksikkerheita eller framkomelegheita. Eksempel på dette er skred og flaum, ekstreme vêrforhold, spesielt vanskelege køyreforhold, skade på infrastruktur, ulykker og køyretøystans. VTS styrer trafikken ved å varsle, informere og samhandle med blant anna nødetatar, vegeigarar, og bilbergarar. Alle trafikkstyringsanlegg med fjernstyring skal være knytt til VTS, slik at dei for eksempel kan utføre stenging og regulering av køyrefeltbruk, sikre omkøyring eller varsle om kø. VTS tek i mot data og trafikkmeldingar frå ei rekke aktørar. Det er i dag fem vegtrafikksentralar i Noreg som tener kvart sitt geografiske område.

IT-systemet Vegvær hentar, tilarbeider og gjer tilgjengeleg vêrdata – i hovedsak frå vêrstasjonar. Målet med dette er

  • å gi vinterdrifta (byggherrar og entreprenørar) informasjon om vêr- og føreforhold langs vegane som støtte for avgjerder om ulike tiltak (salting, brøyting og strøing).
  • å gi tilgang til informasjon om vêr- og føreforhold frå vegnettet i samband med naturfareberedskap (skred og flaum)
  • å støtte vegtrafikksentralane i deira overvaking av vegtrafikken
  • å gi grunnlagsinformasjon om vêr- og køyreforhold til trafikantane i ulike kanalar

Vegkamera til Statens vegvesen viser vêrforhold, trafikkforhold og liknande. Dette er den mest brukte tenesta på vegvesen.no og blir brukt av vegtrafikksentralane, trafikantar, næringslivet og media. Kamerabileta er tilgjengelege på vegvesen.no/trafikk, som er den landsdekkande tenesta med kartbasert trafikkinformasjon.

Aktuelle omgrep

  • Trafikkdata: Historiske data og sanntidsdata om vegtrafikken, mellom anna trafikkmengder, trafikkvariasjon, fartsprofilar og årsdøgntrafikk.  Data om sykkeltrafikk og ferjedata er og trafikkdata.
  • Reisetidsdata: Målt køyretid på strekningar i sanntid.Vegdata: Data om veginfrastrukturen med referansesystem, medrekna eigenskapar og objekt knytt til vegen.
  • Trafikkinformasjon: All informasjon om pågåande og planlagde trafikkforhold. Dette inkluderer trafikksikkerheitsrelatert informasjon, vegmeldingar og varslar om reisetider, forseinkingar, avvik, køyreforhold, vêr og føre og andre hendingar på vegnettet.
  • Vegstyresmakt: Statens vegvesen, fylkeskommunane og kommunane, jamfør veglova § 9.
  • Statleg utbyggingsselskap for veg: Forskriftas nemning på den rolla og funksjonen som Nye Veier AS har.
  • Trafikkstyringssystem: Styrbare installasjonar som varslar og regulerer trafikken ved uforutsette hendingar.
  • NVDB – Nasjonal vegdatabank: Ein database med digitalt vegnett og statiske fagdata om det norske vegnettet. Data frå NVDB blir blant anna brukt til ruteplanlegging, navigasjon, Nasjonal transportplan, veglister, samfunnssikkerheit og beredskap.
  • Vegtrafikksentralane (VTS): Den operative beredskapseininga til Statens vegvesen og kontaktpunktet mot trafikantane, politi og nødetatar. Det er fem regionale vegtrafikksentralar i Noreg. Sentralane overvaker trafikken, styrer variable skilt og tar imot og formidlar vegmeldingar.
  • DATEX: Ein internasjonal standard for tilgjengeliggjering og utveksling av veg- og trafikkdata i sanntid som alle land i Europa bruker.

Høyring, dialog og involvering

Det er mange som har vore involvert i arbeidet med den nye vegdata- og trafikkinformasjonsforskrifta.

Offentleg høyring

Den 15. juni 2023 blei forslaget til ny vegdata- og trafikkinformasjonsforskrift sendt på formell, offentleg høyring til fleire hundre høyringsinstansar.

Høyringsfristen var fyrst 20. oktober 2023, men for å gi tid til politisk behandling i fylkeskommunane etter valet, blei fristen forlenga til 1. desember.

Den 30. april 2024 sendte Vegdirektoratet ei oppsummering og vurdering av alle høyringsinnspela til Samferdselsdepartementet saman med ei anbefaling til endeleg forskriftstekst.

Dialog og involvering

Det er mange som har hatt interesse av arbeidet med vegdata- og trafikkinformasjonsforskrifta og det har vore mange sjansar til å involvere seg og seie meininga si.

Vegmyndigheiter, samfunnsplanleggarar, politikarar og andre myndigheiter treng data til planlegging og prioritering. Politi og nødetatar bruker veg- og trafikkdata når de skal finne raskaste veg til ein ulykkestad. Samfunnet treng pålitelege tenester for trafikkinformasjon, eit oppdatert digitalt og navigerbart vegnett med presise eigenskapsdata og eit omfattande datagrunnlag om heile vegnettet. Data gir betre moglegheit til å utnytte vegnettet godt, og bidrar til å oppnå viktige samfunnsmål.

Vegvesenet var bevisste på å ha ein open og inkluderande forskriftsprosess. Sidan hausten 2020 hadde vi god dialog med både vegstyresmaktene og andre interessentar, blant anna Vegtilsynet, Kartverket, Forsvaret og Datatilsynet. Vi sendte ut nyheitsbrev med informasjon om framdrifta og tilgjengelege arenaer for dialog. Interessentane blei inkluderte i styringsgruppa, gjennom dialogmøte og i arbeidsgrupper som utarbeida forslag til regelinnhald og ga tilbakemeldingar på utkast til forskriftstekst.

Dialogmøte våren 2021

Innspel til forskriftsarbeidet våren 2021

I 2022 var det mykje dialog om utkast til forskrift og høyringsnotat mellom Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet og våren 2023 var forslaget på interdepartemental høyring.